Denne boka av Anna Gavalda er ein nydeleg skildring av menneske som kavar aleine men som på underleg vis finner saman.
Handlinga er lagt til Paris i byrjinga av dette tusenåret og dei fire hovudpersonane presenterast for oss. Det er den unge jenta som har hoppa av kunststudiet og liksom for å straffe seg sjøl vaskar om natta. Det er den særs eksentriske og rare adelsmannen som er sprenglærd men som ikkje har nervar til anna enn å selgje postkort. Det er stjernekokken som jobbar seg forderva og har ein aura av misnøgd og aggresjon rundt seg. Og ikkje minst er det den gamle dama, kokkens bestemor, som er blitt tullete og gamal.
Desse fire personane finner kvarandre på merkeleg vis og dannar etterkvart eit slags kollektiv. Vi blir kjent med kvar i sær og blir nærmast glad i dei.
Det heile er skildra med eit lett og godt nynorsk som hoppar avgarde og som ikkje blir keisamt. Dei 500 sidene forsvinn som i ein draum. Det kjennes heilt rett at dei unge og urbane brukar nynorsk i Paris.
Viss det er noko å sette fingeren på i denne fortellinga, så må det være at slutten blir litt for søt. Slutten kunne godt vært åpen, men "happy ending" er meir triveleg, det skjønar eg...